Straffbare handlingar

På nettet gjeld dei same lovane og reglane som elles i samfunnet.

Dømd for sjikane

På Hamar blei ei jente på 17 år dømd for sjikane på Internett.

Lovar

Det er tre lovar du bør kjenne til.

Dømd for sjikane

På Hamar blei ei jente på 17 år dømd for sjikane på Internett. Ho hadde skrive at ho hata ei anna jente og også kalla henne ”hore”.

 

På nettstaden hamarungdom.no kunne brukarar leggje ut meldingar i gjesteboka. Den dømde jenta hadde skrive meldingar til den fornærma og familien hennar, der ho blant anna karakteriserte den fornærma som hore.

 

I Noreg står ytringsfridomen sterkt. Likevel blir ikkje slik sjikane dekt av ytringsfridomen. Meldinga frå 17-åringen har ingen positiv effekt for samfunnet. Slik retten såg det, var meldinga offentleg sjikane og mobbing.

Dommen er historisk, sidan det er den første dommen i Noreg knytt til sjikane på Internett mot ein person. Ein slik dom vil gjere det enklare å dømme tilsvarande saker i framtida. Derfor er det viktig at ungdom kjenner til dette, og dermed veit at dei kan bli dømde for sjikanering og mobbing på Internett.

 

Sjå sjikanesaka på andre nettstader

”Historisk dom for sjikane på Internett” - digi.no

”Anmelder hamarungdom.no” –nrk.no

”Krenkt på Internett” – datatilsynet.no

Andre saker

”Mobbet på nettet” – f-b.no

”Nettmobbing øker i omfang” – na24.no

”Lærere mobbes på Facebook” – vg.no

”La eksen naken ut på nett” – nrk.no

Utdanningsdirektoratet
Tlf: 23 30 12 00 Faks: 23 30 12 99 E-post: post@utdanningsdirektoratet.no
Valid XHTML 1.0 Transitional